Om eg sovnar no, så døyr eg

Denne teksten er hentet fra Magasin #6 – «Get Lost» redigert og skrevet av Hilde Sandvik, redaktør og grunnleggar av Broen.xyz

Ein oktoberdag for snart 16 år sidan:
radiojournalist Hans-Gunnar Skarstein er på veg mot Voss. Det er siste høvet for jakt før vinteren kjem, og det er berre han og hagla. Ikkje har han hund med heller. På Vossevangen stoppar han og kjøper seg ei kartmappe i plast og eit nytt kompass. Han vil ikkje rote seg inn på feil jaktmarker. Han tek inn på Torfinnsheimen som ligg ved Torfinnsvatnet på vestenden av Gråsidefjellet, og ligg der til morgonen.

Vérvarslinga seier at det er venta litt vind og haglbyger. Og det skal det vere mogleg både å gå og jakte i. Kanskje burde han ha tenkt at det er oktober, men han har alt utstyret han treng. Til og med har han lånt kona Jorunns mobiltelefon; ein Ericsson med evigvarande batteri. Den verkar alltid. Torsdag morgon ringer han og seier at «no går eg oppover – eg reknar med å vere heime att på laurdag».

Før han går et han lapskaus frå hytta. Han som ofte kvir seg til etterlatenskaper i naturen, passar på å bruke doen for siste gong, og skriv i hytteboka at han går nordover langs Torfinnsvatnet. Her er det så glatt og ekkelt at han snur og går attende igjen.

Då han går derfrå denne oktobertorsdagen står det i hytteboka at han går den vanlege løypa oppover mot Timeglaset. Han har bestemt seg for å gå til Hjellegrend.

I sekken har han ein amerikansk stridsrasjon. Den har ein mekanisme der du knekk noko, så blir maten varm. Elles har han berre ein pakke kjeks, ein pose sjokoladepulver og ein Jerven-duk – ein duk produsert i Odda, som no er i seta på alle vestlege jagarfly.

Han går heile tida oppover. Oppå herda – skuldra av fjellet – ser ein ned på vatnet. Der stig ei rype opp or snøen. Den kastar seg ut på vengene og står i lufta ved sida av jegeren. Den er så nydeleg mot det grå. Kanskje burde han ha tenkt på kva den grå himmelen varslar, men han ser berre den kvite, vakre fuglen sveve ved sida av seg. Og no veit han at det er fugl der oppe. Vinden har han i ryggen – ein god dytt. Men det har byrja å sludde.

Han fortel:
– Eg gjekk på dei raude T-ane, og visste eg måtte krysse to elvar. Dei er ikkje djupe, men to-tre meter å vasse. Eg kom fram til den første og skifta frå jaktstøvlar til gummistøvlar eg hadde med meg i sekken, men eg fekk ikkje sokkane ned i støvlane. Eg la dei difor på bakken saman med dei svarte hanskane. Eg hadde gløymt vinden. I eit drag kasta den både sokkar og hanskar på elva. Hanskane fann eg aldri att. Dei grøne sokkane fekk eg fiska opp. Eg laga propell med dei for å få ut vatnet, la dei i sekken og hadde no enno ei elv å krysse. Eg gjekk i berre støvlane. Eg var ille ute.

Du tenkte ikkje på å snu?

– Eg var fast bestemt på å gå til Hjellegrend, om eg snudde ville vinden blese mot meg – og no byrja det å bli tett snødrev. Eg sette meg bak ein stor stein, og tenkte: «Har eg problem no?» Eg har ikkje hanskar lenger. Eg hadde dei to sokkane som eg prøvde å ta hendene inn i – men det var ingen luksus. Våt ull varmar berre litt. Eg byrja å bli kald på tærne. I berre gummistøvlar så var dette ugreitt. Eg sette meg ned og tenkte om det er nokon ved Torfinnsheimen no, så høyrer dei gjerne om eg skyt med tre skot, så tre skot og tre skot igjen. Eit signal om at eg treng hjelp.

Eg gjorde det …

Hans-Gunnar Skarstein teier. Lenge. Stemma er tjukk då han held fram:

– Eg ville ikkje å tømme meg for skot heller.

Så kom eg til den andre elva. Den kryssa eg og prøvde å finne stien med vardane. Men dei såg eg ikkje lenger, det er brått tett snødrev.

Brått ser han rett ned i eit juv. Det opnar seg under han.

– Hadde eg tatt eit skritt til, så hadde eg falle. Eg gjekk attende opp mot fjellsida, men stien er borte. Eg tenkte: eg pakkar beina inn i Jerven-duken, den er vanvittig varm og god. Eg var ikkje våt på føtene – berre kald. Eg fann ein hanske, som eg sette på løpet til geværet og sette det i snøen. Og så let eg meg snø ned i duken, ein flott duk – den gir deg kjensla av at no er du trygg. Medan eg låg der og kjente snøen pakke seg rundt meg visste eg at eg ikkje kunne sove. Kunne ikkje slappe av.

Han hadde ein idé om kor han var. GPS-en viste han det. Det han ikkje visste var at like ved der han let seg snø ned, var eit minnesmerke over ungdommar som vart funne ihjelfrosne på femtitalet. Dei var på jakt. Snøen pakkar seg rundt han. Han rører seg heile tida for å få betre plass rundt seg, men snøen legg seg over han, først som eit lett, så stadig tyngre, teppe.

På eitt tidspunkt tenkjer han at han er i ferd med å få panikk. Hjartet slår voldsomt. Kjaken og leppene byrjar å bli numne. Noko er frykteleg ubehageleg. Han tenkjer det er redsla som har gripe han – det er mørkt, han ligg under snøen inni duken.

Foto: Tale Hendnes

Du hadde ikkje opning ut?

– Det var det som var poenget. Eg heldt på å bli kvelt. Eg pusta inn min eigen CO2. Eg opna glidelåsen. Det var eit nydeleg bilete – det lyset inni ei snøhole: det er ikkje heilt mørkt – det er grønaktig, noko mystisk. Men eg skjøna eg måtte ha luft. Eg prøvde først å lage hol i snøhola med hendene, og eg var litt desperat. Eg slo – og såg at det byrja å komme brune flekkar på snøen av blod. Plastmappa og kompasset eg kjøpte på Voss hang rundt halsen min – eg byrja å grave med det, men det var tungt. Ei isskorpe hadde frose til rundt meg, og den var hard. Eg hogg og grov – først med hendene. Det var veldig lite luft, og no var eg redd. Så rulla eg saman plastikken og køyrde den opp i holet. Endeleg fall den snøen ned, lufta kom ned, og eg skjøna at eg var redda. Men det var kome halvannan meter snø.

Så om du ikkje hadde kome deg gjennom snøen?

– Ja – då hadde dei funne noko til våren.

– Akkurat i det eg byrja å få frisk luft inn, så merkar ein også kor kald ein er blitt. Berre det at ein opnar duken og får nokre små dryss med snø inn på kroppen, så blir det fuktig – det slår seg og ein byrjar å skjelve.

Eg veit at berre ein time innepakka i snø ville ha kjentes som ei æve – korleis greidde du tida?

Eg visste at ingenting ville skje før laurdagen. Det var inga dekning på mobiltelefonen til Jorunn. Det blei mørkt – det lysna, og eg måtte halde fram med å lage plass til meg sjølv. Eg prøvde å presse ut og presse ut – og eg knakk eit ribbein. Eg hogg ut snø rundt meg med kompasset og laga snøballar som eg greidde å kaste ut holet i taket.

Eg har sidan tenkt: Kor rart må det ikkje ha sett ut på utsida – eit lite hol i snøen, og ut kom det små snøballar.

– Dette brukte eg veldig mykje tid på – og eg prøvde å halde fingrane varme. Eg hadde dei i munnen, putta dei i undikken. Dette var prosjektet, i tillegg til å prøve å få i meg litt væske. Eg hadde ikkje drikkevatn med. Berre det eg kunne smelte i hendene av snø.

Kva krefter vart sett i sving?

– Eg var livredd for å sovne, bokstaveleg talt. Eg song alle barnesongane vi song for dottera Sara, som då var eitt år: «Bæ bæ lille lam», «Mikkel rev». Av alle ting «Mor, hvor du er kjærlig». Og ein av Cornelius Vreeswijk.

Skarstein siterer: «Nu faller dagg och nu stiger sol. Men det kan du inte höra. Du ligger utan blus och kjol. Med läpparna mot mitt öra.»

Inni mellom ropar han om hjelp ut holet i taket – og no har han gitt seg sjølv ei oppgåve. Han vil utvide holet – han vil opp og gå vidare. Over han er ein flaskehals, men den blir stadig større. Torsdagen er blitt til fredag, og endeleg er holet så stort at han kan reise seg opp. Men i augneblinken han går ut av den vindtette Jerven-duken, kjenner han kor isande kaldt det er. Han kan ikkje stå på føtene. Fingrane er frostskadde, og hendene ser ikkje ut. Dei har ikkje vore turre ein augneblink på to døgn. Han fell saman ned i duken att.

Laurdagen ringer kona til lensmannen og spør kva ho skal gjere. Ho hadde venta å høyre frå han. Då lensmannen høyrer at Hans-Gunnar har Jerven-duk, seier han at dei kan vente til søndagen.

I snøen sit mannen med snøen som lenestol og duken mot ryggen. Det er så stor flate på ryggen som er eksponert når ein er våt. Då er ein hjelpelaus. Ved sida av seg har han grove ut ei hylle. På den har han sett det vesle han har – nokre kjeks og sjokoladepulver. Stridsrasjonen har han for lengst ete opp. Han kan ikkje sove, han må heller ikkje bli heilt tom for energi. Når han held på å tærast av svolt, knekkjer han av litt av kjeksen og blandar litt sjokoladepulver med smelta snø i handa. Når han held på å sovne, boksar han til det knekte ribbeinet for å få adrenalin ut i kroppen og slik tvinge seg sjølv til å halde augo opne.

Søndagen kjem det store Sea King-helikopteret inn i synsranda.

– Dei flaug over meg, seier jegeren. Og blir igjen stille.

Du visste at det var deg dei leita etter?

– Eg brølte: «Det er mitt fly!»

– Dei flaug over meg ein gong – men så var det så tette snøbyger. Eg hadde ingen kontroll no. Alt berre rista. Eg såg helikopteret som for over meg langs den løypa eg skulle gå. Så blei det borte, før eg høyrde det kom nærare igjen – opp over kanten.

Stille.

– Eg prøvde å reise meg. Når ein ser eit slikt landskap ovanfrå er det berre svart og kvitt. Eg prøvde å veifte med armane og med geværløpet. Då såg dei meg endeleg. Så fekk eg ein stor ullvott opp i vindauget som vinka attende. Dei prøvde å lande i nærleiken av meg, men det var så mykje snø at dei kunne ikkje.

Når det er så nære – er det då ein er like ved å gi opp?

Hans-Gunnar Skarstein svarer først ikkje. Det er noko anna han vil fortelje først.

– La oss gå eit lite skritt attende til natt til søndag. Eg er under open himmel, og det er så vakkert. Snøen kjendest varm då eg tok i den. Og då skjønte eg at dette er ikkje bra. Eg prøvde å gjere ei rekke rare øvingar for å varme i kroppen att. Prøvde å gjere lure ting. Men eg skjønte veldig godt at når ein tar i snøen, og den kjennest varm, då er det noko feil. Det er forferdeleg farleg – og ein må for guds skuld ikkje sovne. Og det var stjerneklart, og eg ser brått at stjernene byrjar å danse i ring. Eg trudde at dette var eit lasershow – ein marknad ein stad. Og så gjekk det over frå det til ein svær engel. Ein diger engel.

Foto: Tale Hendnes

Korleis såg den ut?

– Den hadde venger – akkurat som englar skulle vere med lang kjortel, men utan andletsdrag. Heile himmelen var full av denne engelen. Eg tenkte at no har eg hatt eit gratis show. Det var ikkje meint for meg.

Har du trudd på englar nokon gong i livet?

– Eg har meldt meg ut av statskyrkja. Men det gjorde eg fordi eg syns kristendommen er så intolerant, så snever, så moralsk fordømmande og trongsynt. Vi hadde ein prest som var ein dårleg ambassadør for kyrkja. Han var religionslærar også, og eg meldte meg ut for å irritere han.

– Men nokre gonger sender ein jo tankar oppover likevel, om at ein håpar det går bra.

Ba du til Gud medan du låg på fjellet?

– Ja, eg gjorde vel det. Eg måtte få sjå Sara igjen, eg måtte få kome heim; «Kjære, dersom du no finst…» Men eg har aldri bedt om å få prov for å at det finst ei høgare makt, så dette var ubestilte varer som kom til meg. Der og då forbant eg det heller ikkje med noko.

– Så blei det altså søndag. Og eg ropte på flyet mitt. Og flyet prøvde å lande – det piska iskald vind mot meg. Dei prøvde igjen og igjen, men helikopteret søkk berre ned mot meg, og greier ikkje å lande. Så då…

Medan jegeren ser helikopteret forsvinne og kome igjen fleire gonger, tenkjer han at «dette greier eg ikkje meir. Må eg ligge her ei natt til, då døyr eg».

Men frå himmelen, firer dei ned ein engel. I helikopteret sit Aslak Himle med votten. Ved Timeglaset ligg ein mann tida er i ferd med å renne ut for. I siste liten blir han tatt med opp i lufta, innpakka i Jerven-duken. Huda frå hendene heng fast på geværløpet. Han får vottane på dei øydelagde hendene, Rett-i-koppen-suppe og solbærtoddy. Det siste han ser frå lufta er leitemannskap som kjem frå to stader opp mot staden han har lege, og han rekk å tenkje: «for eit fantastisk land dette er». Så sovnar han.

Då han vaknar står det ei dame over han – ein lege på akutten.

«Du har slite», seier ho. «Korleis det?» spør han. «Du luktar aceton», seier ho. «Du tærer på deg sjølv. Du et ditt eige vev».

I tre dagar har han skolve. Det var så tett på. I kroppen er det 32 graders kjernetemperatur. Kor kort tid han hadde att, har han aldri prøvd å finne ut. Medisinen på Haukeland var store smørbrødfat – han åt alt.

Overleving, redsel og konstruktiv handling. Kven er ein i møte med noko slikt?

– Ein kjenner seg bitte liten. Eg brølte så høgt etter hjelp. Ingen i heile verda høyrte meg. Eg skaut fleire skot opp i lufta før eg pakka meg inn i duken. Eg hadde også sett ned i avgrunnen – der skaut eg også fleire skot. Nokon hadde høyrt desse skota, men dei hadde ikkje greidd å setje det saman til eit signal.

Psykosen er ein forvirringstilstand fordi ein utset seg for stress – ein mister sporvekslinga ein har i hovudet til å skilje mellom røyndomar. Kor tett var du på psykosen?

– Om ein tenkjer spormetaforen på meg, så var eg einspora. Alt handla om ikkje å sovne. Og å halde fingrane varme. Eg er stygt redd for at nokre av dei ein finn ihjelfrosne i fjellet, er folk som trur at dei kan sove seg gjennom ei natt i snøen. Sove berre litt. Det går ikkje. Eg visste det: Sovnar eg, så døyr eg.

Kva har du tenkt om engelen?

– Eg finn meg sjølv lett att i eit «ingenmannsland» mellom tvil og tru. Eg veit jo at dette ikkje var ein ekte engel – eller er det nett i dette landskapet mellom ytterpunkta at sjølve livet – i grensa mot dødsriket – at englane finst? Vi er nokre fantastiske skapningar – eg trur vi har restar av fin barnetru som kanskje kjem til overflata når alt anna er borte og ein er i ferd med å døy.

Er du blitt annleis?

– Det veit eg ikkje. Eg takkar nok Gud oftare på alvor for at det går bra når det går bra. Eg ser at livet er godt. Det er gått seksten år, og framleis er det sårt. Eg har aldri vore så liten. Så bitte liten. Så hjelpelaus. Eg prøvde å gå – det var for vondt. Om eg hadde byrja å gå, så hadde eg omkomme.

Skarstein har enno ikkje vore attende ved Timeglaset. Men framleis er det ein ting han har tenkt på. Han vil gjerne finne staden der han skaut ut i lufta. Sjå om det framleis ligg tomhylster igjen på bakken.