Carte Blanche får 1,4 millionar kroner meir i statsbudsjettet for neste år
Regjeringa foreslår ei auke på 1,4 millionar kroner i statsbudsjettet for neste år, og ynskjer med dette å styrke kunstnarleg aktivitet og utvikling.
– Som Noregs nasjonale kompani for samtidsdans spelar Carte Blanche ei viktig rolle i nyskaping og utvikling av samtidsdans i Noreg og i utlandet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande i ei pressemelding frå regjeringa.
– Vi set stor pris på at regjeringa anerkjennar Carte Blanche som ein viktig aktør på den nasjonale og internasjonale scena og løftar opp vår rolle som eit innovativt og skapande kompani, seier teatersjef Annabelle Bonnéry.
– Vi er særs glade for auken. Tilskotet for 2020 hentar inn etterslepet vi har hatt pga ABE-reforma, og vi kan oppretthalde og styrke vår kunstneriske verksemd, seier direktør Tone Tjemsland.
Carte Blanche er Noregs nasjonale kompani for samtidsdans og vart etablert i 1989 med base i Studio Bergen på Nøstet i Bergen sentrum.
I 2020 er det planlagt tre produksjonar i tillegg til mindre individuelle prosjekt, og kompaniet skal i løpet av året besøke ei rekke norske byar som Oslo, Bodø, Stavanger, Kristiansand og Molde.
I tillegg går den internasjonale turnéen til blant anna Sevilla, Paris og Dijon.