Carte Blanche avlyser turné i Frankrike og gjer interne korona-tiltak

Carte Blanche, Norges nasjonale kompani for samtidsdans, avlyser neste vekes lenge
planlagde turné til Frankrike. Kompaniet skulle etter planen vise førestellingar på
Theatre National de La Danse Chaillot i Paris og på Theatre Jean Vilar i Vitry–sur-Seine.

– Det er med tungt hjarte at vi kansellerar turnéen og førestellingane våre i
Frankrike. Theatre National de La Danse – Chaillot er ei av dei viktigaste og
prestisjefylte scenene for dans og vi såg fram til å presentere Carte Blanche og
arbeidet vårt der. Vi er i dialog med direktøren for Chaillot, og vi håpar vi kan
reise tilbake ved eit seinare høve, seier teatersjef Annabelle Bonnéry.

Kompaniet sine førestellingar i Den Norske Opera og Ballett i Oslo denne veka vart óg
avlyst grunna tiltak mot korona-virus.

I tillegg til å avlyse Frankrike-turnéen gjer Carte Blanche no ei rekke interne tiltak for å
avgrense smitte. Alle tilsette skal ha heimekontor i 14 dagar frå og med i dag, og møter
og annan aktivitet vert minska i samme periode. Det vert gjort ny vurdering om framtidig
aktivitet fredag 27 mars.

– Alle må ta ansvar for ein felles dugnad for å forseinke smitta så mykje som vi kan.
Det viktigaste no er å bidra til at helsevesenet kan ta vare på sine oppgåver og
ikkje bli overbelasta. Difor har vi valt desse tiltaka, sjøl om vi per i dag ikkje
kjenner til smitte internt i Carte Blanche, seier direktør Tone Tjemsland.